”Vi holder deg oppdatert om tiltak for å bedre storaurestammen og følger revisjonsarbeidet i forbindelse med Tokke/Vinje – reguleringen”

Telemarkskanalen

Telemarkskanalen (Norsjø-Bandakkanalen) vart hoggen inn i fjellet for godt over 100 år sida. Då kanalen stod ferdig i 1892 vart den i Europa skildra som eit «åttende underverk». 500 mann hadde då arbeid i fem år med å sprenge seg veg gjennom fjellet. Mykje av den fyrste trafikken var knytt til brynesteintransporten frå brota i Eidsborg i vestre ende av kanalen. I dag er Telemarkskanalen ein stor turistattraksjon og dei gamle rutebåtane tek deg attende i tid i eit variert landskap. 18 sluser lyfter dei sjøfarande frå 0 til 72m.o.h. på den 105 km lange strekninga frå Skien til Dalen og fjordlandskapet ved foten av Hardangervidda.

For mer informasjon, klikk her:

www.telemarkskanalen.no