Tekst frå ordførar:
Tokke Kommune er sterkt involvert i arbeidet med å legge til rette for ei stor og berekraftig storaurestamme i Bandak og Tokkeåi. Storaurestamma i Tokkeåi er unik og av internasjonal karakter. Ei viktig sak for kommunens innbyggarar, grunneigarar og sportsfiskarar. Eit arbeid som kan opne opp for nye spanande reiselivstilbod med ringverknad utover kommunens grenser.
Storaurestamma er eit heilt sentralt punkt i vilkårsrevisjonen for Tokke-Vinje vassdraget.
Me er sikre på at fisket i Tokkeåi vil verte særs attraktivt om få år. Kanskje me får attende den tide som var her då ”lakselordane” kom til Noreg.