Nettsida
Bandak Fiskarlag ser særs positivt på ei nettside om prosjektet. Det vil belyse dei mange utfordringane me står ovanfor. Det er eit særs komplisert system som skal fungere sammen: Kraftproduksjon, miljø og forvaltning. Denne nettsida vil vere til nytte for alle partar i prosjektet, og i tillegg andre vilkårsrevisjonar. Samtidig vil den gjeve eit godt innblikk i det unike med storaurestamma, Tokkeåi og Bandak.
Bakgrunn
Vannkraft har gjennom ei mannsalder prega Tokkåi. Nesten alt vatnet blei lagt i rør for å kunne forsyne kraftstasjonen på Dalen. Dette førte til at vannføringa vart sterkt redusert. Dette har skada gytinga, oppvekstforholda, næringsforholda og vandringsforholda for stamma. Den opprenlege storaurestamma i Bandak og Tokkeåi vart sterkt skadelidande av dette. Storaurestamma og miljø vart ikkje levna ein tanke på denne tida. Kraftproduksjon, inngrep i Tokkeåi, overbeskatning og regulering av Bandak: Sammen har dette nesten øydelagt den eingong så stolte storaurestamma. Tokke og Vinje kommunar kravde ein vilkårsrevisjon inn for NVE og det vart heldigvis opna for dette. Vilkårsrevisjonen for Tokke-Vinje vassdraget er no godt i gang. Me håpar at resultatet av dette vil styrke og bevare storaurestamma i Bandak og Tokkeåi.
Forskinga til NINA
Det er heilt avgjerande at me no får ein nøye gjennomgang alle forhold som påvirkar storaurestamma. Dette er nykelen til å finne gode løysingar i samspelet mellom kraftproduksjon, miljø og forvaltning. Lykkas me i dette, vil framtida til storaurestamma sjå betrakteleg lysare ut.
Målsettingar
Bandak Fiskelag har som hovedmål å styrke og bevare den unike storaurestamma i Bandak.
Bandak Fiskarlag vil aktivt deltaka i eit samarbeid for å finne banebrytande løysingar mellom kraftproduksjon, miljø og forvaltning, som saman styrkar storaurestamma.
Bandak Fiskarlag vil leggje til rette og utvikle Tokkeåi og Bandak til å bli ein attraktiv sportsfiskedestinasjon for alle sportsfiskarar.