”Vi holder deg oppdatert om tiltak for å bedre storaurestammen og følger revisjonsarbeidet i forbindelse med Tokke/Vinje – reguleringen”

TOKKEÅI EIN SOMMARDAG I 1856

”Engelskmannen Fredrick Metcalfe (1815-1885) kjem denne dagen inn til Dalen (Brattestaa) med ein av kanalbåtane. Han ser ein flugefiskar i osen og blir då tydeleg imponert over at det bedrivas flugefiske i denne endelause og aude villmarka.”

Kai Joachim Brattestå har funnet denne beretningen om fluefiske i munninga av Tokkeåi for 155 år siden:

Hetting, who is traversing the country, at the expense of the Goverment, to teach the people the method of increasing, by artificial means, the breed of salamon and other fish.”

Denne mannen som Frederick Metcalfe møter i elveosen i Tokkeåi er faktisk landets fyrste fiskeriinspektør: Magnus Gabriel Hetting (1811-1892), tilsett av den norske stat som inspektør for ferskvannfiskeriene  frå 1855 til1874. Han vart kjent for sitt banebrytande arbeid for kunstig utklekking og rasjonell fiskekultivering i Noregs ferskvatn.

Det er nokså spesielt at denne mannen står og fiskar i elveosen. Ein må hugse på at denne mannen var særs godt kjent i alle vassdrag rundt om i heile landet. Han vel iallefall å fiske i Tokkeåi i minst 2 år på rad. Så godt fiske må det ha vore, for han hadde mange vassdrag å velge i. Dette bekreftar han til fulle med denne setninga:

” He tells me, that last year he caught, one morning here, thirty-five trout, weighing from one to six pounds each.”

Med andre ord 35 aurar frå ca. 500 g – 3 kg på morgonfiske i elveosen. Ein må vel seie at eit slikt fiske etter dagens målestokk er eit aurefiske i verdensklasse. Frå boka: The Oxonian in Telemarken, or Notes of Travel in South-Westeren Norway in the summers of 1856 and 1857.