”Vi holder deg oppdatert om tiltak for å bedre storaurestammen og følger revisjonsarbeidet i forbindelse med Tokke/Vinje – reguleringen”

Kun 35 store gytegroper observert

Gytegroptellingene i Tokkeåi viste kun 35 sikre groper av storaure. Dette er det lågaste antall som er registrert sidan tellingane starta.

Kai Brattestå fra Bandak Fiskelag har sendt denne rapporten fra høstens gytegroptellinger:

«Det var relativt gode forhold for observasjon frå land og telling av groper i år. Årets telling er utført med same metodikk som ved dei tidlegare tellingane. Dette for å kunne samanlikne resultata år for år.
Det var daglege observasjonar av gytefelt i Årmote, Helveteshylen, Geishyl og strekk nedanfor. Observasjonar i øvre del av Tokkeåi: Fyrste observerte storaure var 18. oktober. Dette var ein stor hannfisk. Det vart i perioden 15. oktober til 10. november observert omlag 12-14 ulike fisk i dette området. Kun 2 av desse var hofisk resten var hannar. Høgaste gyteaktivitet var 29. oktober.

Den eneste hunnfisken som gytte på det øvre feltet i høst

Den eneste hunfisken som gytte på det øvre feltet i høst

Det vart kun observert 1 gravande hofisk på det øvre feltet.
Det vart observert totalt 35 sikre gytegroper av storaure. Dette er det lågaste antall gytegroper som er registrert sidan tellingane starta. Gytegropene vart i all hovudsak lokalisert i same områda som tidlegare. Dei største felta er i andre terskelbasseng og i Hakaflothylen.  Det vart i tillegg dykka etter groper i Tokkeåi, det viser seg at det ikkje blir nokon vesentleg forskjell i antall observerte groper ved denne metodikken. Dette tyder på at metodikken me har bruka er god.»

Tallene er katastrofalt lave. Kan det faktum at kun en gytende hunfisk ble observert på det øverste gytefeltet tyde på at den heftige høstflommen gjorde det mulig for gytefiske å komme seg forbi fossen som fører inn i det gamle elveløpet til Tokkeåi ?