Fiskereglar og vannføring/vannstand har gjeve resultat. Det har blitt tatt forholdsvis mange fisk mellom 300g-600g i Tokkeåi så langt. Nokre fiskar har faktisk vore mellom 600g-1,3kg. Ein kunne ane ein liten forbetring i fjor, men i år er det heilt tydeleg betre fiske/fisk. For 3 år sidan var det langt imellom halvkiloen, nesten all fisk var mellom 250-350 g. Variasjonen på fisken er vel det som er den største forandringa. For nokre år sidan var det ein mykje meire monoton størrelse på fisken. Garnstopp på deltaområdet er nok det som har hatt den største innverknaden på dette. Teorien bak det, er at ved eit hardt garnfiske tar du fort ut den fisken som har vekst. Den monotone stamma som var før, viste nok ei stamme som var sterkt utsett for garnseleksjon. Dette er truleg starten på å få attende det historiske fisket som ei gong var i Tokkeåi og Bandak. Dette lovar og bra for rekrutteringa til storaurestamma. Dei fyrste storaurane byrjar nå snart å trekkje inn mot deltaområdet for å forberede årets gytevandring i Tokkeåi. Me håpar på ein god oppgang og mange storaurar på gytefelta.
Bandak Fiskelag
Kai Brattestå