”Vi holder deg oppdatert om tiltak for å bedre storaurestammen og følger revisjonsarbeidet i forbindelse med Tokke/Vinje – reguleringen”

Lakselordenes innlandselv

Tokkeåi er ei sportsfiske-elv med lang historie bak seg. Kai Joachim Brattestå har funnet fram sitater fra gamle fiskeberetninger

En svensk gjest på Dalen Hotell viser fram sin fangst


En førsteklasses ørret elv
Mourdant Roger Barnard (1828-1906) seier dette om det fantastiske fisket i Tokkeåi og Bandak i 1862:
Han anbefalar å ta båten frå Strengen til Dalen, ikkje bare fordi turen frambyr det ”Villeste og øde landskap en kan tenke seg”, men og fordi elven er ”en førsteklasses ørretelv med kulper, som en ivrig fluefisker vil fryde seg over å væte snøret i. En kan få svært stor ørret, og de som liker å bruke spinner vil ha glede av og ro frem og tilbake foran elvemunningen”
Hotella på Dalen hadde mange gjester som fiska i Bandak og Tokkeåi. Reklame for sportsfisking vart ofte med i annonser om hotella. Mellom anna i boka New Ground in Norway 1892 av E. J. Goodman reklamerar New Hotel Bandak stort for fiske i Bandak og Tokkeåi. Dalen Hotel reklamerar for sportsfiske i adresse bogen for Norge 1914-1915, med ”Good opportuniy for fishing.”
Det er mange historier om desse lakselordane, som dei vart kalla på folkemunne. Det var ofte rike engelskmenn som var dei ivrigaste fiskarane.
Ei historie om ein engelskmann som budde på Dalen Hotel tidleg på 1900 talet vart fortalt av Olav Brattestaa (1918-2000). Han hadde høyrt om denne engelskmannen frå far sin. Denne engelskmannen var her å fiska ein haust då han ei natt skulle ha fått 20-30 storaurar i Tokkeåi. Han skulle ha bruka ein stor sluk som var ”perlemorsfarga”. Det var ein gong eit bilete av engelskmannen med den store fangsten, som hang på veggen inne på Dalen Hotel. Dette bildet eksisterar dessverre ikkje i dag, sannsynlegvis vart det tatt av tyskarane under 2. verdskrig. Heile hotellet vart tømt for alt inventar under krigen, og det er då sannsynleg at mykje fiskehistorie forsvann.
Fransk-amerikaneren Paul Du Chaillu (1828-1906) seier i reiseskildringa All Round the World 1862 at der er ”mengder med ørret” i Tokkeåi. Det budde og ein franskmann på Dalen Hotel i 1930 åra, som på folkemunne vart kalla Genjau. Han var ein ivrig fiskar, som besøkte Dalen ved fleire anledningar. Han var ofte å sjå i Tokkeåi. Dette viser at til og med i Frankrike hadde dei høyrt om Tokkeåi på denne tid.