”Vi holder deg oppdatert om tiltak for å bedre storaurestammen og følger revisjonsarbeidet i forbindelse med Tokke/Vinje – reguleringen”

GAMLE FISKEMÅTER I DALEN

Fra Herfinn Haugsevje har vi fått en fortelling om gamle fiskemetoder på Dalen. Det var langt fra noe fintfølende sportsfiske, men gir et interessant historisk bilde.

I Nigardsevja gjekk det føre seg eit rart fiske. Dei rodde ut eit garn rett utafor evja. Så rodde dei stilt inn i evja så langt som dei kunne. Derifrå rodde dei utover att  medan dei skremde fisken ut mot garna. Reiskapen dei bruka til å skreme med var ei trestang med ein blekkboks festa til eine enden. Boksen var gjenombora med mange hol. Når boksen vart skuva ned i vatnet, bubla lufta opp og såleis laga bråk i vatnet. Med fleire stenger i bruk og iherdig arbeid kunne dei vente seg ein god fiskefangst i garna.

Om hausten kunne fange sik med hov. Dette gjorde dei gjerne ved Dalen Bryggje. Siken sumde sakte heilt i overflata og det var ikkje så vanskeleg å få tak i han dersom stengene var lange nok.

Makkedrag, eller harving som mange kallar, var vanleg  i Storåi om kveldane og nettene utpå  ettersumaren og hausten. Då bruka dei lang bambusstong med line som var like lang  som stonga eller litt lenger og  med ei stor makkeklyse på kroken. Makken kasta dei ned i stryken og drog han motstraums oppover og heil inn til land. Så kasta dei på nytt. Beit det fisk på måtte dei trekkje fisken inn mot torvkanten dei stod på og så prøve å få han i land. Var fisken mindre vart han slengd bakover og inn på land. Dei kunne få fisk på både åtte og ti kilo på denne måten. Mykje av fisken var nok mellom ein kvart og ein halv kilo. Fiskarane fyra bål og koka kaffe. Det blei ein del pauser ved bålet utover nettene. Mange hadde med seg brennevin til å ha i kaffien, medan nokon tok den blanke drykkjen utan kaffe. Dette fisket gjekk mykje føre seg på øyane nederst i åi men og lenger oppover.

Før kraftutbygginga fiska folk på isen på Bufjorden. Dette gjekk føre seg lengst ute på grunnane. Dei hadde ikkje isbor, men dei brukte isveikkje ,- eit slag flatforma jarn på treskaft.

Steglefiske var det ein del som heldt på med. Då bruka dei ei trekasse, ei dynamittkasse eller anna. Oppi kassa låg ei hovudline med ein stein i enden. Langs denne lina var det påknytt fleire kortare tamsar med krok i enden. Desse tamsane hekk utafor kassa i mange sagspor rundt heile kassa. Nokon hadde rundt tretti tamsar ,- andre kunne ha over hundre. Eg har høyrt at  det vart laga stegler med tre hundre tamsar. På kvar tams (på kroken) var det fiskemakk. For at makken skulle vera ”levande” lenge, hadde nokon ei trelist som ei renne rundt kassa. I renna hadde dei jord som dei la krokane i. Det blei sjeldan uss i stegla,- det var eit godt organisert linesystem. Stegla blei rodd ut frå land anten i åi eller på grunnane. Eine enden av lina blei festa i land, den andre enden med stein blei kasta ut til slutt

Dei  kunne gjera fløytestegler og. Desse hadde korkar eller anna langsetter lina.- med slik reiskap låg ikkje krokane på botnen.

Ein svenske på Dalen fiska storaure med rennelykkje.(som ein lasso)  Dette gjorde han frå bergknausane langs Jesshyl oppe ved årmote.

Lystring var mykje bruka.  Blant anna  hugsar eg at dei lystra i den gamle oppmura renna som gjekk frå mylla og saga på Moen og ned til Åslandshylen ved Elvarheim. Renna er no burte

.